Notater |
- Bruk nr. 38 «Nordstrand». Skyld: 0,07 sk.m.
Dette er det gamle tunet på b.nr. 10. Utskilt i 1966. Eigar no er Johannes Barane.
Slaktingevik eller «Sareplasset»
Plasset låg i Kvednavikjo med ei myr omlag eit børseskot lenger nord i
Tjongepollen. Den første ein veit som bygsla her var'
84 Jon Olsson Barane, Børøy (nr. 77), f. 1826, d. 1862. G.m. Sara Rasmusdtr.
Holme, f. 1825, d. 1894. Born: a. Berta, f. 1851. b. Ingeborg, f. 1853, g. Sagneset
Børøy (nr. 86). c. Rasmus, f. 1855. d. Gurianne, f. 1858. d. Rasmus Olai, f. 1861
g. Straumøy (nr. 19).
Jon var brukar på Holme nokre år. Han kom til Slaktingevik ikr. 1855. Det
ser ikkje ut for at han hadde tinglyst bygselsetel. Han budde der tilhan døydde. Sara
sat med plasset til versonen bygsla. Det var ringt med henne så ho mått e få hjelp.
85 Salve Halvardson Tonstad Sirdalen, d. 54 år gl. i 1881. G.m. Inger Jørgensdtr.
d. 42 år gl. i 1875. Born: Anna, budde hjå systera på Holme. b. Marta, f. ikr. 1863
i Sirdalen. Ho vart kalla «Kyrkje-Marto» fordi ho aldri forsømde ei preik i kyrkja.
Ho vart gift til Holme. c. Halvard, d. 1883. d. Jørgen, f. 1869, d. 1871. e. Inger
Sofie, f. 1870, d. 1871. f. Inger Sofie, f. 1872 g. i Sirdalen.
Salve kom til Sagneset som sagmeister i 1869. Han hadde ikkje tinglyst bygselsetel.
Truleg hadde han plasset fritt som ein del av løna. Han var den første som
brukte sirkelsag på desse kantar. Då kona døydde var det dottera, Marta, som
måtte ta over hushaldet. Ho var då 12 år, og då faren døydde var det ho som heldt
huslyden oppe. Ho fekk ettermæle å vera ei arbeidsom og gild kona.
86 Endre Andersson Rødmyr, Sveio, f. ikr. 1823, d. på Teigland i 1919. G.m.
Ingeborg Jonsdtr. Sagneset, Børøy (nr. 84), f. 1853. d. 1921. Born: a. Johan
Andreas, f. 1880. Utflytta til Stord i 1904. Båtbyggjar, b. Inger Elise, f. 1882
g. (Totland), c. Gjert Gunvald f. 1885, d. 1895. d. Rasmus Severin, f. 1887, d. 1896.
Endre bygsla i 1882. Det er uråd å seia kva tid dei sa plasset frå seg og flytte,
men dei var komne til Teigland i 1900. Seinare har det ikkje budd folk på Sagneset.
https://www.nb.no/items/bc63e8145c42f10e248471f494ef4fc4?page=359&searchText=%22salve%20halvardson%22
|